torsdag 7. mai 2009

Ein gong player, alltid player?

Jenter møter gutar, forelskar seg, let naturen gå sin gong og får hjartet sitt knust stadig vekk. I fleire veker og månader etterpå går vi rundt og funderar på kva VI gjorde feil. Vi pakkar fortvilinga inn i et vell av analyser og mulege årsakar som gjer oss blinde for den openbare årsaka: Det motsette kjønn er ofte ute etter berre ein ting.

”Drittsekkar!” tenkjer kanskje du. Men playerfenomenet har faktisk ein vitskapeleg teori. Ikkje nok med at den er høgst sannsyneleg, den får også jenter med kjærleikssorg opp til halsen til å føle seg ein smule betre. Legg vekk isboksen og klinexlommetørkla, her kjem forklaringa som beviser at det ikkje er noko gale med deg!

Du har sikkert sett han sjølv: Høg, mørk og kjekk. Han har glimt i auget, og du føler deg trygg i hans nærver. Jenter og kvinner tiltrekkast nemleg ofte av menn med grove augebryn, markert kjeve, breie skuldrar og muskuløs kropp. Dette er gode gener å føre vidare. Langt bak i tid var det nemleg nødvendig med slike gener for å overleve. Menn måtte slåst mot skumle dyr, katastrofer og ikkje minst kvarandre. For at menneskeheten skal bli så stor som muleg, har denne ”rasa” av menn fått enda et gen: Den store trangen til å formeire seg! Dei skal rett og slett ha eit instinkt til å hoppe frå kvinne til kvinne, smelle dei på tjukka og få vakre, sterke ungar. Sjølv om familieinstinktet har dabba litt av siste hundreåra, er trangen til å reprodusere der framleis. Det ligg rett og slett ikkje i deira natur å halde seg til ei kvinne.

Dette er lurt å ha i tankane. Players er faktisk berre dumme, kosesjuke apekattar. Og balansen mellom kvinner og menn er stor: Vi har kun EIT egg og brukar ni månadar før vi kan gjere noko nytt att. Menn, derimot, har trillionar av sædceller som skrik etter å bli brukt. Ein player sluttar ikkje å vere player sjølv om vi forelskar oss i han. Så om du ikkje vil bli ein av mange på lista: Tenk deg om og knip att knea!

Foto: Harald Kalland

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar