Gløym Dior og Chanel. Vi treng ikkje betale ein formue for ein ny mascara lenger. Eg har funne ein genial mascara for under 100-lappen!
Den nye mascaraen frå maybelline held det den lovar. The Colossal Volum Express er gul, liten og
søt. Men skinnet bedrar. Krafta inni er forbløffande. Til vanleg syns eg at både maybelline og andre billigare mascaraer er skuffande. I staden for å løfte augevippene og gjere dei svarte og tjukke, gir dei eit lite målestrøk. Eg er stor tilhengar av mascara, og meinar at eit flott lag gir det lille ekstra til alle jenter. Men desverre blir det ingen effekt og ingen volum.
søt. Men skinnet bedrar. Krafta inni er forbløffande. Til vanleg syns eg at både maybelline og andre billigare mascaraer er skuffande. I staden for å løfte augevippene og gjere dei svarte og tjukke, gir dei eit lite målestrøk. Eg er stor tilhengar av mascara, og meinar at eit flott lag gir det lille ekstra til alle jenter. Men desverre blir det ingen effekt og ingen volum. Men no har Maybelline tydelegvis skjønt det. Det kollosale volumet går ikkje ut av kosten etter nokre veker. No har eg hatt min i heile tre månadar! Til vanleg rotar eg vekk mascaraen også, men korleis kan ein rote vekk når den strålar som ei sol i sminkeskuffa? Takk, Maybelline!
Nokre tips for å få nydelege augevipper:
- Aldri bruk vippetang etter mascara.
- Legg eit lag på oversida av vippene, og eit på undersida. Det doblar effekten.
- Lag sikk-sakk bevegelsar for å unngå klumpar.
- Bruk tuppen av børsta, og dra den langs rota av augevippa til tuppen. Då får du garantert volum.
- Ikkje sov med mascara og legg eit nytt lag oppå det gamle. Augevippene blir klumpete og korte.
- For enda meir dramatisk effekt: Påfør ein flytande eyeliner på augelokket, heilt inne med vippene.
Bilete av mascaraen er henta frå http://v-style.typepad.com/


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar